A-delen: Oppgåvetekst

Du skal velje anten oppgåve 1 eller oppgåve 2.

A-delen skal skrivast på nynorsk. Du som har fritak frå vurdering i nynorsk skriv på bokmål.

Du spør deg sikkert: Kor langt må eg skrive på denne oppgåva, og då er svaret frå oss lærarane:

- Du bør skrive om lag ei side. Likevel må vi seie klart i frå at det viktigaste her ikkje er kor langt du skriv, men at nynorsken din er god.

 

Formell informasjon

  • Skrifttype: Arial, Calibri eller Times New Roman
  • Skriftstorleik: 12
  • Lineavstand: 1,5
  • Hugs topptekst med namn, dato og oppgåvenummer
  • Lever i "Innlevering" i menyen til venstre

Oppgåve 1

I vedlegget finn du utdrag frå «Ja, vi elsker» av Bjørnstjerne Bjørnson og «Fedreland» av Rudolf Nilsen. Du skal no samanlikne dei to tekstane og gjere greie for både innhald og form.

a) Kva er likt?

b) Kva er ulikt?

c) Kvifor er dei så ulike?

Her er det fint om du kjem inn på den tida dei blei skrivne i, og kven mottakarane deira var.

Du skal skrive denne oppgåva som ein samanhengande tekst, ikkje punktvis eller delt opp i a), b) og c). Bruk gjerne døme frå dei to tekstane der du finn det naturleg.


Oppgåve 2

Tenk deg at du no har fått i oppdrag å skrive ein ny nasjonalsong for Noreg, og denne gongen skal han skrivast på nynorsk. Skriv om kva du då ville ha teke med, og kvifor du vel nettopp dette.

Skriv også litt om kva du meiner om den noverande nasjonalsongen vår, og sjå denne opp mot den songen du skal skrive.

Til slutt skal du skrive den første strofa av den nye nasjonalsongen din.