Oppgåveteksten


Praktisk informasjon

  • Skrifttype: Arial, Calibri eller Times New Roman
  • Skriftstorleik: 12
  • Lineavstand: 1,5
  • Hugs topptekst med namn, dato og oppgåvenummer
  • Lever i "Innlevering" i menyen til venstre

Del 1 har fire oppgåver; du skal velje éi av oppgåvane.

 

Oppgåve 1

Læreboka Ein smak av Noreg skal publiserast på nett og treng nye tekstar. Du skal sende inn eit bidrag. Skriv ein tekst der ein som er ny i Noreg fortel om og reflekterer over nokre av erfaringane sine i møte med det norske samfunnet.

Kva bør du tenkje over og ta omsyn til på førehand? Kva teksttype eller sjanger vil du velje?

Lag ei overskrift som passar til bidraget ditt.

 

Oppgåve 2

Tenk deg følgjande situasjon: Kunnskapsministeren er på vitjing på skulen din for å høyre kva elevane meiner om sidemålsopplæringa, og du har fått i oppdrag å representere elevrådet.

Gjer rede for og argumenter for elevrådet sitt syn på sidemålsopplæringa i skulen i dag. I teksten din skal du bruke erfaringar frå eigen skulekvardag, både kva du sjølv har opplevt, og kva du har høyrt frå andre elevar. I argumentasjonen skal du vise at du har kunnskap om kvifor nynorsk og bokmål er sidestilte skriftspråk i Noreg.

Tenk over kva slags type tekst som kan passe til dette skiveoppdraget. Er det fleire moglegheiter? Kva vil du sjølv velje?

Lag ei overskrift som passar til argumentasjonen din/synspunkta dine.

 

Oppgåve 3

Teksten «Stormblåst» av Dimmu Borgir er ei hyllest til den norske naturen og mytologien (sjå vedlegg 1). Teksten kan skape ei mytisk og mystisk stemning hos lesaren. Ei slik stemning finn vi óg i nokre av Kittelsens trollteikningar eller bildet av Nøkken.

NRK har lyse ut ein skrivekonkurranse der overnaturlige vesen og norsk natur skal vere ein del av handlinga. Du skal delta med ein tekst som viser at du kan byggje opp spaning og skape stemning, i tillegg til at du tilfredsstiller dei andre krava som vart stilt i utlysningsteksten frå NRK.

Bruk god tid til å tenkje over korleis du skal innfri skriveoppdraget og byggje opp ein tekst som vil passe til den teksttypen du vel.

Lag ein overskrift som skapar  forventing til innhaldet i teksten din.

 

Oppgåve 4

Kva vil det seie å ha det ein treng? Skriv ein tekst til eit blad eller nettmagasin der tittelen skal vere Det gode liv i Noreg. Teksten skal ha som formål å underhalde lesaren.